lørdag 24. desember 2011

Vetlejulafta

Den enklaste måten å få inn juletreet 
var å heisa det opp på verandaen 
utanfor stova.

Sidan det er 3,6 m under taket i stova, 
tykte eg det ville verta pjarre med eit tre
på 2 m, så eg fekk Johannes til å henta
eit "bedehus-tre" på 3 meter.  Det var 
berre så vidt eg klarte å setja stjerna i 
toppen, og det tok 1,5 time å pynta det.

 Men eg syntest det var verd det.

Hjarta sydd av gamalt putetrekk



Skjortene til julafta og 1.juledag er strokne og klare.

lørdag 17. desember 2011

Sidan eg malte gangen for tre månader sidan, har det vore ganske ukoseleg, ingenting på veggene og berre ei kjedeleg bokhylle.  No har eg fått inn kommoden som eg redda frå pappen sin verkstad for mange år sidan.  Sjølv om eg har avluta han, er det enno oljeflekker på han.
Før

Denne spegelen passa ikkje heilt inn, så eg "friska han litt opp"

Etter: Veggene er malt i same farge som stova.  Eg skrudde nokre drivvedbitar på spegelen frå baksida.  Eg synest det vart ganske triveleg, men Peter synest spegelen vart styggare.


søndag 4. desember 2011

2.sundag i advent

Eg brukar desse bileta sjølv om eg tok dei for ei veke sidan.  Det fine maleriet har Anne Reidun Våge laga - eg fekk det som avskjedsgåve frå nokre gode veninner i Egersund.  Det er fint å verta minna på at Guds Ord er rettleiing for livet vårt.  Me kan vandra trygt når me set vår lit til det som står i Bibelen.
 Joel 3,5:  Kvar den som påkallar Herrens Namn, skal verta frelst.
Hebrearbrevet 10,39:  Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, vi er av dei som trur til frelse for sjela.
Lukas 12,40:  Ver då budde de og, for menneskesonen kjem i den timen de ikkje tenkjer det.

Dette er nøkkelversa i kvar av tekstane for denne sundagen.  Bodskapen i tekstane er at rett før Jesus kjem att, skal det henda underlege ting.  Gud let dei tinga henda for å vekkja oss, varsla om at no kjem Jesus snart og hentar dei som trur på han.  Kvar den som kallar på Herrens namn, det vil seia vedkjenner seg å tru på Jesus, skal verta frelst.  Gud gjer den rettferdig (=utan synd, kan ikkje dømast skuldig) som trur at Jesus har betalt for hans eller hennar kriminelle gjerningar (=brot på Guds bod i tankar, ord og gjerningar).  Så enkelt har Gud gjort det for at sjølv born og enkle menneske skal kunna nå himmelen.  Lat oss ta dette på alvor og ha Jesus i hjarta vårt (=stadig lesa og høyra om han så han ikkje vert fortrengd av andre ting) så me kvar dag er klare til å verta henta.  For det er ingen som veit kva dag det skal henda.

fredag 2. desember 2011

Forsøk på julebrev-fotografering

Eg prøvde å ta bilete av borna som skulle brukast i julebrevet.  Det måtte litt sjokolade til for å få dei til å smila så fint.  Tanken var at de skulle få sjå utsikten, men det var skodde den dagen.  Så det enda med at eg brukte 17. mai-biletet i staden.





Julebrevet for i år

OBS! OBS!  Eg ser at eg har formulert meg litt uheldig.  Til dykk som har fått papirutgåve:  eg forventar ikkje at de sender julebrev tilbake viss de ikkje allerede hadde tenkt å gjera det.  Kristin


November 2011.

Kjære slekt og vener.  Eg har sett meg føre å skriva julebrevet tidleg i år, for å unngå at de sender julebrev til feil adresse.  Me har flytta sidan sist.  Allereie i februar fekk eg tips om eit hus som skulle leigast ut i Norheimsund, ikkje så langt frå foreldra mine.  Eg hadde tenkt ein del på å flytta etter eg vart åleine, men det la seg ikkje til rette med bustad før no.  Eg synest ikkje det var noko lett avgjerd å ta.  Riva opp røter som me etter kvart hadde fått i Hellvik, Eigersund og Jæren.  Ta borna vekk frå skule og barnehage der dei treivst.  Eg visste kva eg hadde der, men ikkje kva eg kom til å få i Norheimsund.  Men til slutt bestemte eg meg for at me ville leiga dette huset.  Det er ganske stort med fire soverom og garasje.  Det ligg halvannan kilometer frå Norheimsund sentrum, og me har fantastisk utsikt over bygda og fjorden.   Eg valde å bruka eit bilete frå der me budde før her i julebrevet,


men på bloggen min: http://kristinvistvik.blogspot.com/, kan de sjå bilete både av huset, utsikten og oss.  Me bur i ei grend med kjekke naboar, to av dei er barnefamiliar.  Til saman er det ni born frå to til ni år her i nabolaget, så borna treng ikkje gå langt for å finna nokon å leika med.

Me flytta i juni, rett etter skulen var slutt på Hellvik, fekk god hjelp av mitt snille syskenbarn Jan Tore som lånte lastebil og køyrde flyttelasset vårt til Norheimsund.  Då eg skreiv husleigekontrakt, var det ein del av avtalen at eg skulle mala noko av huset innvendig mot at eg fekk bu gratis ei stund, så eg sette i gang med det same med å riva tapet og vaska med salmiakk.  Fekk ein del hjelp av familie og vener, og i ein lang periode var det fast at eg dreiv og malte kvar kveld frå ni til tolv.  På dagtid arbeidde eg med å få ting på plass, det var lettare å kombinera med å sjå til borna.  Eg sette meg eit langsiktig må: eg skulle vera komen i orden til jul, og det ser ut til at det vert oppfylt.  No har eg malt kjøken, stove, gang, tre soverom, nokre møblar og småting, og eg synest det er spanande å sjå forandringa og forbetringa.

Otto (9) og Karina (7) går på Kvam Kristne Skule.  Dei er tjue elevar frå 2. til 10. klasse, og eg var spent på korleis det kom til å gå med overgangen til eit så lite miljø.  Det går veldig fint, dei tilsette arbeider svært bevisst med at elevane skal ha eit godt miljø på tvers av klassane, for eksempel spelar alle kanonball saman, og dei eldste må ta omsyn til dei yngste.  Både Otto og Karina har fri på onsdagane, og det er godt for både borna og meg.  Det krev ganske mykje energi å få dei to somlekoppane ut døra om morgonen!  Otto spela kornett Hellvik Skulekorps før me flytta, og no fortset han i Norheimsund Skulemusikk.  Gjennom skogen går det ein sti til foreldra mine, men det er 200 meter stigning, så me tek som regel bilen når me skal dit. Men Otto kvir seg ikkje for å springa opp lia når han har fri frå skulen.  Annankvar onsdag tek eg borna med på barnelag i Steinsdalen Bedehus.  Der høyrer me god, gammaldags bibelsoge, illustrert med flannellograf.  Me syng mykje, og det er minneord som borna lærer utanåt frå gong til gong. 

Peter (5) og Martin (3) går i Tolomarka Friluftsbarnehage.  Peter går i Utegruppo, ei avdeling som er på tur kvar dag.  Dei har ein lavvo i skogen eit stykke frå barnehagen der dei lagar mat på bål, har formingsaktivitetar og finn greiner som dei sagar til ved, for å nemna noko.  Martin si avdeling er og mykje ute på tur.  Ein dag gjekk dei hit til Utroningen, det var veldig stas å visa dei andre kor me bur.  Tidlegare har borna mine vore så sutrete og lite uthaldande at det har ikkje vore noko god oppleving å gå på tur med dei.  Men no merkar eg på begge gutane at dei har oppdaga gleda ved å gå på tur og oppdaga ting i naturen.  Dei tilsette er svært dyktige og engasjerte, så eg synest det er passeleg at Peter og Martin er der tre dagar i veka.  Eit høgdepunkt i haust for gutane var då besten henta dei i barnehagen med den nye traktoren.  Det var gebursdagspresang til Peter frå besten, og det var mange fleire som gjerne ville vore med i traktoren!

Eg har fått meg ein liten stilling innan helsevesenet i kommunen.  Fram til jul er eg dessutan dagmamma for to gutar på ti og tolv månadar eit par dagar i veka.  Eg synest det er fint å ha arbeidsplassen min i heimen, då treng ikkje Peter og Martin vera så mykje i barnehagen.  Dei synest det er stas å leika med babyane.  Eg var spent på om eg kom til å trivast i Norheimsund, det er seksten år sidan eg flytta herifrå, og eg har ikkje vore flink å halda kontakt med folk.  Men gjennom bedehus, skule og barnehage har eg treft igjen gamle kjenningar og vorte kjend med nye folk.  Ein viktig grunn for å flytta heim igjen var å koma nærare foreldra mine.  Dei stiller opp som barnevakt, inviterer oss på middag og har ein eller fleire av borna på overnatting rett som det er.  Ofte sit borna rolegare på møte på bedehuset når foreldra eller bror min Anders er der.  Særleg viss borna sjølv kjem på at dei vil sitja med besteforeldra eller morbroren.

Til slutt vil eg sitera noko av ein salme som står i kategorien ”Advent” i Norsk Salmebok og i kategorien ”Det kristne håp” i Sangboken – og begge deler er rett, for i adventstida skal me førebu oss på Jesu kome.  Han har kome ein gong, og han kjem igjen.  Den som har sett si lit til Jesu frelse, har ikkje noko å frykta når han kjem for andre gong.


Jeg løfter opp til Gud min sang
ennå en gang
fra disse jordens daler.
Vår Herre Krist han henter meg
snart hjem til seg
i himlens høye saler.
Som lynet far,
han kommer snar,
da skal hans pris
på annet vis
de Guds basuner tale.

Da synger jeg for tronen glad
et bedre kvad
og løfter palmegrene,
med hvite kleder som er todd
i Lammets blod,
for Herrens øyne rene. 
Halleluja! 
Hva glede da! 
Hva liflig klang! 
Og all min sang
er Herren, Herren ene!


Med ynskje om ei signa advents- og julehøgtid

Kristin og borna

Sidan Otto er vekke i helga, har eg nytta høvet til å rydda rommet hans og ta litt bilete. 

Før:  Dette rommet ligg i kjellaren.  

Umalt panel på veggene.

Etter: Otto ville ha mørkegrått eller svart rom, 

men me vart einige om lysegrått.

Kul vekkjarklokke frå IKEA som ikkje toler 

å verta brukt (les:detta i golvet av og til)

Før:  Fine gardiner og herleg lampe

Etter:  Lampe frå IKEA og stoff frå Stoff & Stil 
gjorde susen.

Nærbilete av gardinene

Før: Ein vegg var malt, men den nedste
delen av veggen var roteskadd.
 Sjå tidlegare innlegg.

Etter: Eg sette opp nytt panel og malte det
og lysegrått.  Skapet hadde me med frå
Hellvik.  Sidan Otto så gjerne ville
hatt mørkegrått rom, malte eg skapet
mørkegrått.

Slik såg skapet ut før eg malte det.
Beslaga av antikkfarga messing tok
eg av og erstatta med nokre i stål.

Otto og har sjølvsagt IVAR-hyller på 

rommet.