lørdag 19. november 2011

Karina sitt rom

Her kjem bilete frå Karina sitt rom.  Det er ikkje stort, men det vart ganske ok då me fekk malt det kvitt og tilpassa senga så ho passa i nisja mellom klesskapet og vindauga.

Før: Sliten rosa tapet og gulna panel.  Litt stort gardinbrett
Etter: Alle vegger og tak malt i kvitt (bomull)  etter Karina sitt ynskje.  Eg er glad for at ho ville ha kvitt rom og ikkje rosa!  Eg valde rosa på veggene då eg var tolv år, det vart i søtaste laget!  Senga laga eg då eg flytta på hybel på Kvitsøy for fjorten år sidan. 
Før:  Då senga stod her, gjekk det nesten ikkje an å opna døra (fotografen står med ryggen mot døra), så eg ville heller ha senga på den venstre veggen.  Senga var to cm for lang, men heldigvis gjekk det an å skjera av litt så ho passa.
Etter:  No står skatollet og ei hylle her.  Skatollet laga eg på Tryggheim, det var trekvitt og med svarte smijernsbeslag.  Eg brukte veldig lang tid på det og var veldig stolt over det.  Eg hadde det i stova på Hellvik og var ganske lei det, men klarte ikkje kvitta meg med det.  Karina hadde veldig lyst å ha skatollet på rommet sitt, så no malte eg det i "lys provence" og sette på porselensknottar. 
Karina har sjølvsagt og Ivar-hylle på rommet sitt (det er berre i gangen og på kjøkenet det ikkje er Ivar-hyller, veldig praktisk når ein skal flytta...)  For å pynta skapdørane litt, skar eg ut eit hjarta i kvar dør og stifta stoff på baksida.
Blondestoff                                                                                                                                                        
Før:  Taklampen hadde sett sine beste dagar....                                                                                                    
...men det var ein del gardinstoff til overs...                                                                                                
Etter:  ...så eg trekte lampen om.  Litt for gjennomsiktig, men definitivt betre enn det gamle stoffet.
Meir gjenbruk:  Setjekasse som eg hadde då eg var lita og hylle for pyntehandkle som eg laga til hybelen på Kvitsøy.  Begge deler er malt i "lys provence", ein kremaktig farge som passar godt til dei kvite veggene.
Karina har pynta med scrapbook-papir på bakveggen.                                                                             



søndag 6. november 2011

Skoddehav


 
Om morgonen den 1.oktober tok eg desse spesielle bileta.  Skodda ligg  med ei  nesten vassrett overflate ned gjennom Steinsdalen og utover Hardangerfjorden så langt eg kan sjå.

Kyrkjespiret stikk såvidt opp av skodda




Sola blenkjer i hustaka på Norheim

Utsiktsstova

Etter fem månader føler eg at eg har fått nokolunde kontroll på dei fleste romma i huset.  Men den påbygde delen av stova har eg vore ganske frustrert over.  Det er gulna panel på vegger og i taket, og eg får ikkje lov å mala (orkar egentleg ikkje tanken på det heller, det er ganske høgt under taket).  
Eg sette opp nokre kvitlakkerte IVAR-hyller, men det vart heilt feil.  Det var då eg fekk ideen:  mala dei kvite og innreia i maritim stil!  Eg demonterte hyllene og no held eg på å mala dei.
Utsikten er det ikkje noko å seia på.  Eg kan forsvara ein maritim stil her, tykkjer eg .

Skaisofaen har ein slags burgunderfarge, trur det går an å piffa han opp med puter  med striper og stjerner på.  Dei to TV-benkane skal ut når eg får lagringsplass i dei kvitmalte hyllene.
Har ein del stoffrestar med striper og stjerner etter at eg laga puter og gardiner til Otto sitt rom (skal ta bilete og visa ein gong det er ryddig der...)
Kunne tenkt meg slike hyller, men det har eg ikkje budsjett til.
Særleg ikkje når eg enno har ein del IVAR-deler igjen.  Det er eit  fleksibelt hyllesystem frå IKEA som egenleg er litt kjedeleg, men veldig praktisk for dei som flyttar rett som det er.  Eg har sett opp kvitmalte IVAR-hyller på alle soveromma og er ganske fornøgd med det.  Eg må vedgå at eg som tenåring kritiserte  mor mi fordi dei hadde IVAR-hyller i stova, eg meinte det var stygt.  Me kjøpte det då me budde i Danmark fordi det var dei billigaste hyllene og plassert dei overalt, og i stova. No gjer eg det igjen, trur eg må be henne om orsaking snart...

Ottava lampe frå IKEA, har montert to av slagsen.
Har ein slik benk ståande ute på balkongen utanfor stova no om vinteren, men eg vil sy puter til  han og ta  han inn i stova, det vil passa godt til stilen.