fredag 26. august 2011

Kjøken

Då er kjøkenet klart til å verta presentert. Litt småting som manglar enno, eg må bruka litt tid til å finna ut korleis eg skal ha det.



Før: Kjøkenet var ganske lyst, men veldig gulna og slite. Vifta var ganske ulekker.




Etter: Ny vifte, min steikeomn, nye skap over og til venstre for vifta og kitchen board på veggen.





Før: Gardinene stal ganske mykje lys. Kjøkenet vender mot nord og får aldri direkte sollys.





Etter: Lettare med berre kappe, men ho er litt sid, skal kanskje leggja henne opp. Skal og få opp ein lampe i taket over vindauga.





Før: Dette kjøkenet er ein meter lengre enn på Netland, så eg kan opna oppvaskmaskina utan å flytta stolen ved enden av bordet!





Etter: Har tenkt å hengja opp nokre skap på veggen over bordet, det er ikkje så veldig god skapplass.





Før: Ikkje så godt å sjå på dette biletet, men det er ein ganske falma tapet på veggen.





Etter: Hengde opp denne hylla i dag. Tenkte å stilla ut borna sine kunstverk her. Veggen er malt i Vanilje (lys beige), tak og lister i Bomull (nøytral kvit)og alle skap i Claro (varm kvit).





Før: Skuffeseksjonen var ganske sliten på overflaten. Men sidan dei er snikra i heiltre, var det berre å sparkla og mala dei.





Etter: Nye grep på skuffer og skap friska opp. Desse er frå IKEA og heiter Grej.





Skyvedørane har innfelte originale innfelte grep, så dei synest eg ikkje skulle skiftast.




Før: Denne vifta fekk eg. Heilt ny og REIN, men eg synest det var litt trist med svart, så eg spraylakkerte ho kvit.


Etter: Ikkje så mykje som viser, men det var godt eg gjorde det.







fredag 19. august 2011

Stova

No måtte eg berre visa korleis det har vorte i huset me leiger. Finn ikkje digitalkameraet, men med lyskastar og kameraet på den bærbare PC-en fekk eg då eit par bilete. Eg er ferdig å mala stova, kjøken og to soverom. Det siste soveromet skal eg mala når eigaren har rydda det, skal ikkje nemna namn...





Her kjem før og etter-bilete frå stova:





Før: Fyrste gongen eg kom inn i stova såg det slik ut. Det var ein beige farge på veggene, og både vegger og tak var ganske gult av nikotin. Tunge, mørke gardiner. Heldigvis forsvann nesten all røykjelukten då eg tok vekk gardinene.




Etter: No er alle vegger malt i ein lys beige, Sans. Veldig fornøgd med den fargen. Lingardiner frå IKEA som eg skal leggja opp ein vakker dag. Bord og stolar frå eit flyttesalg. Måtte mala beina på bordet, dei var knall blå!




Før: Eg leiger egentleg huset møblert, men eg kan setja ut i garasjen det eg ikkje vil ha inne






Etter: Heile taket er malt kvitt no.









Før: Eit hjørne av stova var umalt panel, det var herleg å få alt i ein farge









Etter: Karina søv på sofaen mens eg gjer hennar rom heilt ferdig. Eg monterte senga hennar i går, men fann ut at då går døra nesten ikkje opp, så den må stå ein annan plass på det vesle rommet hennar. Men då er senga to cm for lang, så eitt av prosjekta i morgon er å skjera av senga.









Før: Dette før-biletet er betre enn etter-biletet. Det er veldig fin utsikt her me bur.









Etter: Og veldig rotete inne no. Heldigvis er det så mørkt bilete at de ikkje ser alt.







Denne kommoden såg eg på Plant Eit Tre gjenbruksbutikk i Øystese sist laurdag. Eg var egentleg ute etter ein skjenk, men det var ingen som fall i smak der då. Såg litt på kommoden, men tenkte at eg ikkje trong han. På tysdag kom eg plutseleg på at eg ville ha kommoden likevel, så eg heiv meg på telefonen og tenkte eg ville reservera han, men ingen tok telefonen. Så eg køyrde inn til Øystese med det same. Då eg parkerte bilen såg eg gjennom vindauga at kommoden ikkje stod der, men heldigvis hadde han berre vorte flytta. Tenkte eg kunne ha dukar i kommoden. Han er laga av beisa og lakkert furu, ikkje heilt same farge som framskapet på sida. Og bordet og stolane er i enno ein annan brun-nyanse. Får mala alt kvitt viss eg ikkje klarar venja meg til det.